«Frå vogge til grav» .
Fra samtaler mellom Gunnhild Førde Lornstad og Maj-Britt Svastuen.
Barndom og oppvekst.
Gunnhild vart født 15.04.1930 i dei harde trettiåra på Nybøen, og var nummer fire i ein syskenflokk på sju. Garden Nybøen låg på sørsida langt inne i Fuglesetfjorden, ein sidearm av Sognefjorden. Der ligg det 4 gardar.
Samstundes som Gunnhild vart fødd, vart det fødd tvillingar på nabogarden. Mora der hadde for lite mjølk, og sidan mor til Gunnhild hadde meir enn nok, amma ho den eine tvillingen. Dette redda livet hans.
Mora Gina Åkre f. 2.juli 1900, same datoen som Kong Olav. Faren Gullak var fødd 12.mai 1892. Dei gifta seg 17.juni i 1922. Bror til Gullak, Hans var som eldste sonen, hadde hatt spanskesjuka. Gullak kjøpte garden av han. Onkel Hans hadde mat og husrom hos dei, og hjelpte bl.a. til med barnepass når mora var i fjøset. Garden var berre på 20 mål. Dei hadde 80-100 geiter og 2 kyr. Naboskapet var svært godt og alle hjelpte kvarandre.
Om sommaren var dei på stølen og kokte geitost av mjølka. Det var mykje arbeid. Gunnhild måtte vere sjefsbudeie, og søstra som var fire år yngre var med og mjølka. Det var tungt å få henne opp om morgonen, så Gunnhild måtte lokke henne med ein godbit av kokesjokolade!
Foreldra bygde nye hus på begge stølane i 1926. Alt tømmeret var skore med handsag. Under krigen budde Heimefronten på stølane, og dei vart brende opp etter krigen, men foreldra bygde opp att husa. Det var svært vakkert på stølane med fleire fine fiskevatn. Nå er alt borte og neddemt. Fjordkraft BKK bygde kraftverk og leverte mesteparten av strømmen til Bergen. Dette førte til at dei tidleg fekk elektrisitet i bygda. Den vakre Førdefossen inst i dalen, som mor til Gunhild kunne høyre spådde veret, vart borte og lagt i røyr.
Faren arbeidde på det nye aluminiumsverket i Høyanger, og vart påkøyrd av ein lastebil i 1938, slik at han måtte amputere eine foten. Han sleit ut fleire kunstigeføter. Ulykka førte til at barna måtte delta enda meir i arbeidet på garden, på stølen og i fjorden. Gunnhild var alltid med i fjøset og om våren tok ho imot geitekillingar. Dette var arbeid ho likte og var flink til. Faren sa at ho var så dyktig at ho burde bli jordmor! Dette følgde ho opp, og dette vart yrkesvalet hennar. Foreldra oppmuntra alle barna, både gutar og jenter til å skaffe seg utdanning.
Gunnhild var 10 år da krigen tok til, sjølv om dei hadde lite, kan ho ikkje hugse dei la seg svoltne, men krigen prega sjølvsagt livet til dei alle. Maten produserte dei på garden.
Ungdom og utdanning.
Ho reiste tidleg frå heime- godt herda av arbeid, krigsår og oppveksten i ein stor syskenflokk. Ho arbeidde tidleg som budeie, hushjelp hos ein nabo, og seinare i Bergen.
Målet var å utdanne seg til jordmor, og mannen der ho arbeidde, hadde ein god venn, professor Løvseth. Han rådde henne til å utdanne seg til barnepleier først. Han skaffa henne plass på barne- og barselpleieutdanning på Frøbel- Høgskolen i København. Der hadde dei kveldsundervisning i dei teoretiske faga. Det var kveldseksamen ved slutten av skoleåret.
Da ho drog til København fekk ho 1000kr og ein ny Diamantsykkel av faren. Dette var var ei spennande tid. På Hovedbanestasjonen såg ho appelsinar for første gong. Den nye sykkelen vekte oppsikt i Danmark. Ho kjende seg skikkeleg stolt! Utdanning og praksis følgde hand i hand. I København fekk ho utdanning, teori ved Frøbel Højskolen, og arbeid på voggestove for nyfødte.
Vel heime gjekk på ho jordmorskole i Bergen i eitt år. Ho fekk beskjed av oversøster at «De frøken Førde må søke rett over i sykepleien, for det blir snart krav!». Sjukepleierutdanning var da både utdanning og praksis, og Gunnhild meiner at den praktiske tilnærminga og erfaringa ga større sikkerheit og fagleg grunnlag i yrket. Ho flytte til Oslo og tok sjukepleierutdanning på Aker Sjukehus. Utdanninga var 3-årig, men ho slapp med 2 1/2år sidan ho hadde tatt jordmorskulen først. Ho begynte rett i arbeid på Fødeavdelingen på Aker. Der var det fleire jordmødre på vakt om gongen. Dei veksla på å vere sjef,, og lærteå ikkje kritisere kvarandre, men ta vare på kvarandre. Gunnhild arbeidde der i 4 ½ år, tok imot 2000 barn, og lærte masse ifølge ho sjølv.
Forlovelse og ekteskap.
Ho trefte Torbjørn Lornstad på dans i Oslofjorden. Han baud opp til dans, men da det var pause, lurte han på om ho ville bli med ut, for han skulle ha ein røyk. Gunnhild røykte ikkje, men vart med ut. Dei sette seg på eit gjerde mot fjorden. Gjerdet svikta og dei begge datt nesten ned i sjøen, sidan det var bratt ned! Gunnhild var våt og oppskrubba, stømpene vart ødelagt, og alle venninnene kom for å hjelpe dei opp. Heldigvis vart dei ikkje skada, og dansen fortsette! Ikkje berre den kvelden, men livet ut!!
Torbjørn var fødd i 1933, og var baker. Han hadde fått hyre og skulle reise på jordomseiling med Bergensfjord i eitt år! Det vart mange brev, og da har var i Kobe i Japan skreiv han til Gunnhild og fridde pr. brev!
Arbeid og yrkesliv på Otta.
Etter eitt år kom han heim om hausten, og dei forlova seg til jul. Som mange norddøls gutar på den tida, ville Torbjørn attende til Gudbrandsdalen. Dei flytta først til Lillehammer, men treivst ikkje. Torbjørn ville heim til Otta. Ivar Sletten hadde dessutan lova han ei hyttetomt. I 1959 flytte dei til Otta. Gunnhild hadde ikkje arbeid, men hørte at Distriktslege Sætersdal mangla sjukepleiar, ho kontakta han og fekk arbeid som sjukepleiar, men også jordmor, på dagen!
Gunnhild og Torjørn gifta seg i 1960. Der var nettopp bygd nytt legekontor og diagnosestasjon i tilknytning til Selsro. Det var det ei leilighet i 2. etasjen, der budde dei til dei bygde seg hus i Plassjordet. Det var praktisk for det var mange som trong hjelp, også utanom kontortida.
Magny Løkken var jordmor i Sel, men som utdanna jordmor, var Gunnhild ofte med når dei fødande frå norddalen skulle med ambulanse til Lillehammer. Ho har tatt imot barn på rasteplassar, i Rondanekrysset og rett utanfor døra heime. Dette kom i tillegg til dei 2 jobbane ho hadde på dagtid.
Fødsel i ambulansen.
Gunnhild tok imot mange barn i ambulansen. Ho tok alltid med seg nødutstyr frå legekontoret i tilfelle det skulle bli fødsel.
Ein gong skulle ei gravid kvinne, der veene hadde kome i gang, vere med i ambulansen. Gunnhild ville innom kontoret og hente meir utstyr, men kvinna sa at dette ikkje var nødvendig. Ho hadde fødd før, og var sikker på at dette ville ta lang tid. Ho ville heller ikkje ligge på båra i bilen, men sitte på stolen. Da vart Gunnhild streng og sa at stolen er min plass: «Du må vær så god å legge deg på båra!».
Dei kom ikkje langt ned over dalen, før fødselen kom i gang, langt frå sjukehuset. Dei stoppa på ein møteplass. Gunnhild fekk sjåføren til å gå inn i eit hus for å få tak i varmt vatn. Ho hadde med seg saks og lytteutstyr. Da sjåføren kom med vatnet, var det så kokande at ho brende seg på hendene. Men med Gunnhild si lange erfaring, gjekk fødselen likevel greit, og barnet var navla da dei kom til sjukehuset.
Enda eit barn, ein velskapt gut kom til verda på ein rasteplass ved E-6!
Otta legekontor og diagnosestasjon.
Otta Diagnosestasjon hadde røntgen og var driven av Oppland fylke. Heile norddalen til og med Sør- Fron var ansvarsområdet. Doktor Sætersdal var også lungelege. Diagnosestasjonen hadde ansvar for å følge opp og kontrollere sjukdommen tuberkulose. I Lom var det også røntgen, så dei var der 1 dag i månaden. Det var dessutan mange som hadde silikose på grunn av arbeid med bl.a. kleber.
Arbeidsoppgavene var svært allsidige. Ofte måtte ho reise ut i staden for legen, når venterommet var fullt av pasientar, som legen måtte måtte ta seg av. Det var ikkje alltid lett å få tak i ambulanse. Gunnhild kom fleire gonger først og aleine til store ulykker. Ho måtte berre gjere sitt beste. I slike tilfelle var god fagkunnskap og sunn fornuft hennar redning. Dette er slike opplevingar som ho aldri gløymer.
Akuttoppdrag, spesielle hendingar.
Nokre få av dei mange akuttoppdraga Gunnhild var ute på. Dette var før ein kunne ringe 113, og det var vanskeleg å få tak i både lege og ambulanse.
Ein spesiell ambulansetur.
Ein fin sommardag var det ein mann som hadde fått store skader. Gunnhild fekk følgjande beskjed i telefonen: «Skaff hjelp og ambulanse!»
Mannen fekk mellombels hjelp av legen på Otta, men ambulansen måtte kome frå Vågå, og hjelp måtte han ha på turen om dette skulle gå bra, så Gunnhild vart med.
Sjåføren avpassa farten etter forholda til pasienten bak i bilen. Men midt i Kvamsporten small det. Dekket hadde eksplodert, men heldigvis greidde sjåføren å halde bilen på vegen.
Dekket måtte skiftast fort, og pleiepersonen, Gunnhild, måtte klatre opp utvendig for å få bilen til å balansere for dekkskiftet! Heldigvis sov pasienten uforstyrra. Vel framme var situasjonen til pasienten uforandra, og han vart kjørt rett på operasjonsstua.
Fall av hest på ein gard.
Ein son på garden var heime på ferie og hadde med seg to barn som skulle få ri på ein hest. Hesten vart redd og flaug «avlaust», barna datt av hesten, og mannen som prøvde å få tak i hesten vart nedtrakka.
Gunnhild vart sendt dit aleine i ei drosje. Ho hadde forberedt seg noko og bl.a. tatt med bandasje. Ho seier at ho gløymer aldri synet av ungane som låg der og skreik, og mannen som hadde fått trakka ut eit stort stykke av låret. Han blødde heldigvis ikkje. I tillegg låg far hans der. Han hadde også prøvd å få tak i hesten. Barna gjekk det heldigvis bra med! Det kom ein som fekk tak i hesten. Ho reiva låret med bandasjen det hardaste ho kunne, og lurte på korleis dei skulle frakte han. Ho såg ei kjerre og fekk saman med drosjesjåføren mannen opp på kjerra. Dei måtte dra han over jernbanelina til drosja, for drosjesjåføren torde ikkje kjøre over lina.
Han hadde stor bil og dei fekk skuva mannen inn i baksetet, og kjørte til Otta med drosja. Da dei kom til Steinsvoll på Legekontoret, gav han mannen ei sprøyte og sa: «Her kan ikkje eg gjere noko! De må reise direkte til sjukehuset på Lillehammer». Ho hadde hørt at han låg på sjukehuset i fleire månader, men det gjekk heldigvis bra denne gongen også!
Skiferarbeidaren.
Ein fin sommardag kom det naudtelefon frå Pillarguri. Ein mann hadde fått over seg ein stabel med skifer. Han hadde fått store rygg- og nakkeskader. Kameratane hadde snikra ei båre og ville kome med han på ein lastebil. Gunnhild fekk følgjande beskjed i telefonen:» Skaff hjelp og ambulanse!!!»
Mannen fekk midlertidig hjelp av legen på Otta, men ambulansen måtte kome frå Vågå, og hjelp måtte han ha på turen om dette skulle gå bra, og Gunnhild vart med.
Sjåføren måtte avpasse farten etter forholda til pasienten bak i bilen, og varmen! Midt i Kvamsporten smalt det. Dekket hadde eksplodert, men sjåføren meistra heldigvis å halde bilen på vegen.
Dekket måtte skiftast fort, og pleiepersonen, Gunnhild, måtte klatre opp utvendig for å få bilen til å balansere for dekkskiftet! Heldigvis sov pasienten uforstyrra. Vel framme var situasjonen til pasienten uforandra, og han vart kjørt rett på operasjonsstua for operasjon.
Sjukebesøk på Høvringen vinterstid.
Gunnhild og turnuslegen vart utkalla til ein sjuk person på Høvringen. Det var vinter og styggver, så dei kom berre midtvegs i Høvringslia, før bilen kjørte seg fast i snøen. Dei måtte ta seg vidare til fots. Turnuslegen var «bymann» og hadde hatt som einaste hodeplagg, noko som var svært upraktisk i den sterke vinden.
Da dei hadde slitt seg opp lia og det tok til å flate ut, kom det eit hjertesukk frå turnuslegen: «Nå er det best for denne pasienten at dette ikke er falsk alarm og at han treng vår hjelp!» Pasienten hadde fått dobbeltsidig lungebetennelse og fekk penicillin som dei hadde med seg.
Før dei tok fatt på vegen ned igjen, tok Gunnhild med seg eit skjerf som ho knytte fast hatten med! Største problemet med nedturen - var å få hjelp til å snu bilen, men da vart doktoren morsk: «Får jeg ikke hjelp, da ringer jeg politiet, for jeg har vakt i hele kommunen!» Da fekk dei fart på seg og det vart hjelp!
HMS arbeid var lite kjent.
Sonen Audun sier at det var ikkje mykje debrifing og samtale om dei inntrykk dei måtte ta innover seg ved dei ulike traumesituasjonar dei kom ut for, når ein samanliknar med dagens situasjon. Gunnhild peikar på at dei hadde ein veldig god og åpen dialog på kontoret, der dei kunne snakke om alt, men som naturleg var, vart også ektemannen brukt som samtalepartnar i den grad det var mogeleg. Torbjørn var ein erfaren hjelpekorps mann.Sonen Audun peikar også på at desse historiene gjev eit godt innblikk i mora som person – fokusert og uredd!
Otta legekontor og diagnosestasjon.
Distriktslege Sætersdal skriv i attesten da han slutta at ho har vore til uvurderlig hjelp for han med sin faglige dyktighet, lyst og stabilt humør, og stor arbeidskapasitet. Ho hadde i tillegg ansvar for laboratoriearbeidet, betjente røntgenapparatet og framkalte filmane. Han skriv også at uten henne kunne han ikkje ha greidd å fylle jobben som off. lege, privatpraktiserande lege og lege ved Diagnosestasjonen. Det er rørande å lese attesten etter 10 års samarbeid, der Sætersdal skriv under «Hilsen fra sjefen i takknemlighet». Gunnhild arbeidde i 17 år i halv jobb hos Sætersdal og halv jobb på Diagnosestasjonen som Fylket dreiv.
Familie.
I 1962 fekk dei dottera Anne- Gina, oppkalla etter begge bestemødrene. Alt i 1966, 33 år gammal, fekk Torbjørn ei natt eit stort hjarteinfarkt. Gunnhild forsto med ein gong kva det var, og ringte til Sætersdal, som ikkje trudde henne. Men da han kom, såg han at ho hadde rett, og fekk tak i ambulanse slik at dei kom på sjukehuset. Sætersdal tok med seg Anne-Gina til bestemor på Selsverket. Det var/og er sjeldan at så unge får hjarteinfarkt, men han fekk god pleie og oppfølging.
Dei hadde nettopp begynt på tomta i Plassjordet, da Torbjørn fekk hjerteinfarkt. Ved hjelp og støtte av kameratane til Torbjørn fekk dei opp huset i 1967-68. Kameratane hans gjorde ein fantastisk innsats med å hjelpe dei!
I 1960 hadde dei bygd hytte på Mysuseter. Dei kjøpte bureisingshuset av Øystein Steineide i Murudalen. Han merka huset, tok det ned og frakta det til Mysuseter, og dei lafta det opp att. Dottera, Anne Gina har nå overtatt den. Ho er også utdanna sjukepleiar. Ho er gift på ein gard i Onsøy, Fredrikstad, og har tre barn, to gutar og ei jente. Sonen Audun er fødd i 1965 og er utdanna ingeniør. Han har kone frå Otta, Hilde Turmo. Dei bur på Hamar. Hilde arbeider på Hamar Katedralskole og Audun er selgar med leveranse av medisinskteknisk utstyr for Thune Produkter. Dei har også tre barn, to jenter og ein gut.
På den tida barna vart fødd, var det berre 3 månaders svangerskapspermisjon. Gunnhild hadde full jobb i alle år, i tillegg til ambulanseturar med fødande.
Gunnhild har nær og god kontakt med barn og barnebarn. Familien betyr mykje for henne.
Sel sjukeheim
I 1975 begynte planlegginga av Sel Sjukeheim. Oslo-firmaet Borring og Rognerud hadde ansvar for planlegginga. Gunnhild vart sekretær for byggekomiteen som ellers var Edvin Bråtå, Sverre Ulvolden og Magnus Sundt. Sundt var lokal kontakt frå kommunen. Dette arbeidet syntes Gunnhild var svært interessant. Sel Industrier bygde sjukeheimen. Da sjukeheimen var ferdig i 1977, var det stor innvielesefest på Sjukeheimen. «Vi vaska, rydda og pynta festbord. Folka frå Oslo, byggekomiteen, sjukehussjef Jan Stolp og alle vi andre hadde ein skikkeleg triveleg fest! Hadde vi ikkje hatt festen på den nye sjukeheimen, ville kokken blitt fornærma,» seier Gunnhild. «Vi låg der også! Der stod masse oppredde senger!»
I denne tida var ho også med i kommunestyret for Høgre i to periodar. I eit intervju med Dagbladet seier ho «at ei Vestlandskvinne med temperament fungerte ikkje i mannsdominert lokal politikk. Det var heller ikkje ein god kombinasjon med jobben, og familien, men alle overlevde»
Gunnhild styrte sjukeheimen med fast hånd, god orden og klare meiningar. Ho la stor vekt på at dei som var der, var ikkje pasientar, men bebuarar. Det skulle vere pent og triveleg, som i ein heim. Det går tydeleg fram av avskjedssangen frå dei tilsette at ho var ein godt likt, bestemt og dyktig sjef! Det er slik dei fleste av oss kjenner Gunnhild. Ho arbeidde der til ho gjekk av med pensjon i 1997.
Da ho i 1992 kjende seg sliten og lei av alt, da kom ho over ei annonse frå Helsedirektøren om rehabiliteringskurs for jordmødre. Ho søkte, kom inn og fekk permisjon med lønn. Dette vart reine vitamininnsprøytinga. Etter at jordmora i Sel slutta, var det ikkje jordmor i Sel. Dette førte sjølvsagt til mange jordmoroppdrag for Gunnhild. Ho seier ein stad at det var fleire barneselskap, der ho berre måtte dra, og da fekk ho dårlig samvittighet overfor eigne barn, men heldigvis hadde ho ein mann som stilte opp. Gunnhild hadde siste tur med ambulansen i 1968.
Ho sier ofte at å vere jordmor er det mest fantastiske yrke ein kan ha.
Det var mange lange dagar og hardet arbeid, men ho sier at eg har berga meg på godt humør, og aldri bore på frustrasjon og sinne.
Da Gunnhild slutta etter 20 år var det stor avskjedsfest på Raphamn taler og sanger frå kommune, venner og kollegaer.
Pensjonist.
Som styrar fann ho fort ut at huset trengte ein venneforening, som ho var med og stifta. Venneforeningen for Sel sjukeheim arrangerer ulike sosiale tiltak som er til stor glede for bebuarane. Venneforeningen har lotteri, får ofte minnegaver, og set i gang trivselstiltak som det ellers ikkje er pengar til. Dei kjøpte bl.a. minibuss slik at dei kunne ta med seg bebuarane ut på tur. Venneforeninga er framleis aktiv, arrangerer mange trivselstiltak som er til nytte og glede for Sel Sjukeheim.
Da det vart oppretta Eldreråd, vart Gunnhild leiar i eit svært aktivt eldreråd. Ho var leiar i 8 år, og la grunnlaget for mykje av det arbeidet som også blir gjort i dag. Ho bidrog også til utviklinga av Den kulturelle spaserstokken i Sel kommune.
I 2007 var Gunnhild kåra til årets Norddøl av avisa Norddalen. Ho fekk eit stort, vakkert far som Kjell Voldheim laga og 5000 kroner. Da bestemte Gunnhild seg for å ta med familien, mann, barn, svigerbarn og barnebarn og vise dei København med Tivoli, og mykje meir. Ho ville vise dei byen, der ho budde og tok utdanning over 50 år sidan. Det vart ein triveleg og minnerik tur for dei alle.
I 2011 fekk Gunnhild Kongens Fortjenestemedalje. Ho var invitert til eit møte på sjukeheimen, og tenkte ikkje på å skifte, men Torbjørn tykte ho kunne ta på seg noko finare. Utdelinga av av medaljen kom som eit sjokk på Gunnhild! Plutselig kom heile familien ut av heisen!
I talen sier ordførar Dag Erik Pryhn «Søster Gunnhild, jordmor Gunnhild, politikeren Gunnhild, leder Gunnhild, omsorgspersonen Gunnhild - gjennom snart to mannsaldere har du med en imponerende energi og pågangsmot gitt svært viktige og verdifulle bidrag til enkeltmennesker og til lokalsamfunnet i Sel. På den ene side en kombinasjon av en sterk og uttalt faglig tilnærming og vestlandsk tydelighet, stahet og gjennomføringskraft- og på den andre siden varme og omtanke for alle rundt deg. Dette har gjort deg til en avholdt og respektert person i Sel-samfunnet og i alle sammenhenger der du opptrer og setter dine fotavtrykk».
Det var ein stor dag å kome på Slottet og takke for medaljen. Audun var med meg. Kongen var «beroligende og morsom å snakke med».
Torbjørn døde i 2012.
Han hadde utposinger på blodårene, og fekk tilbod om operasjon, men takka nei.
Gunnhild er fortsatt ei sprek dame. Ho lærte å bruke kroppen gjennom arbeid som barn, og dette er ho glad for i dag. Da Aktiv starta på Otta var ho med på Seniortrimmen. Ho likar å røre seg, og har aldri vore glad i handarbeid.
Ho kjører fortsatt bil, men berre om sommaren. « I vår da eg køyrde til kyrkjegarden, tenkte eg at så moro det er å køyre bil!»
Ho er ellers bekymra for den egoismen vi ser blant mange i dag. Ho sier at ho er glad for at ho har vore velsigna med at det alltid har vore bruk for henne. Da vaktmesteren på Sel sjukeheim slutta, lenge etter at ho var pensjonist, tok ho i fleire år på seg å stelle plantene ute, slik at det skulle vere velstelt rundt sjukeheimen.
Ho er glad for at ho voks opp på eit småbruk på Vestlandet, der dei lærte seg at livet er vårt, og vi måtte sjølve skape det! I tillegg peikar ho på at ho har hatt mange gode venner og folk som har gitt god hjelp og veiledning i livet sitt.
Takk for innsatsen, Gunnhild!
Bilder frå Gunnhild sitt liv.
«Frå vogge til grav» Etterord.
Tittelen på artikkelen er henta frå da Gunnhild like før ein kommunefest vart utfordra til under middagen å halde tale til mennene. Ho sa at ho vart litt paff, men tok som vanleg utfordringa, og kom frå det med glans. Talen beynte med at sanneleg er døkk dristige som vil ha meg til å holde tale for eg har følgd døkk frå vogge til grav!
Som Gunnhild seier: Ho laga tittelen sjølv!
Dette portrettintervjuet er skrive på bakgrunn av fleire trivelege møter og samtaler med Gunnhild løpet av tida i 2023/2024. Det vart presentert gjennom samtale med Gunnhild Lornstad og Maj-Britt Svastuen på åpent møte på Biblioteket på Otta 4.september 2023. Der var det over 50 til stades.